Seinfølgjer etter covid-19

Sjølvsagt skal vi ta seinfølgjer etter covid-19 alvorleg, men vi må samstundes framleis kritisk vurdere forskingsresultata, særleg når dei står i motsetnad til gjengs kunnskap. Det tener korkje vitskapen eller pasientane at dårleg eller feiltolka forsking set premissa.

Gunhild Alvik Nyborg meiner at hennar nøye utvalde samling av avisoppslag og vitskaplege artiklar underbyggjer at covid-19 fører til at vi døyr av hjartesjukdom lenge etter smitte, at heile kroppen vert skada, at immunforsvaret vårt vert svekka, at vi blir sårbare for andre infeksjonar, at ein tredel av oss får varige symptom, at intelligensen vår svekkast og at vi mistar minnet.

Heldigvis er det ikkje sånn. Nyborg har valt å spekulere med utgangspunkt i uferdige analysar når ho påstår at det no døyr fleire unge av hjartesjukdom i Noreg enn det ein kunne vente, om lag slik ho tidlegare meinte at auken i dødsulukker i trafikken skuldast seinfølgjer av covid-19. Vidare les ho forskinga ukritisk; her er det plass til berre tre døme:

Nyborg hevdar at covid-19 svekker immunforsvaret sånn at pasientane har auka risiko for å få covid-19 igjen og jamvel auka risiko for andre infeksjonar. Det er ikkje berre ulogisk, det er òg naturlegvis feil. Vårt danske systerinstitutt fylgde opp alle over 50 år i 2021 eller 2022. Dei fann at folk ikkje var meir utsette for sjukehusinnleggingar for infeksjonssjukdom i perioden meir enn 28 dagar etter covid-19, enn i andre periodar.

Nyborg hevdar at covid-19 svekker IQ og syner til ein engelsk studie der rundt 14 prosent av dei inviterte fortalde i et nettskjema om symptom som dei sjølve meinte hadde samanheng med tidlegare covid-19 og deretter fullførte ein slags IQ-test. Folk med positiv test tidlegare vart så samanlikna med dei som ikkje hadde hatt ein positiv test. Dei som hadde hatt positiv test i 2022 eller seinare (altså med omikronvarianten), men utan symptom, hadde om lag 2 poeng høgare IQ enn dei som ikkje hadde nokon positiv test. At infeksjonen skulle føre til høgare IQ er absurd. Funnet er ein sterk indikasjon på at studien har alvorlege skeivskapar.

Nyborg hevdar at covid-19 gir risiko for å døy òg etter den akutte fasen av covid-19 og syner til ein kinesisk studie av britiske pasientar. Her samanliknast pasientar smitta i 2020 med andre som ikkje hadde positiv test. Forskarane finn fem gonger høgare risiko for å døy, uansett årsak, og 1,4 gonger høgare risiko for å døy av hjartesjukdom fleire månader etter covid-19. Problemet med denne og liknande studiar er at dei som var sjukare frå før, sannsynlegvis hadde større sjanse for å verte testa for covid-19 i ei tid då testing ikkje var så utbreidd. Studien syner difor berre at dei sjukaste blant oss har større sjanse for å få stadfesta infeksjonen og generelt større risiko for å døy.

Sjølvsagt skal vi ta seinfølgjer etter covid-19 alvorleg, men vi må samstundes framleis kritisk vurdere forskingsresultata, særleg når dei står i motsetnad til gjengs kunnskap. Det tener korkje vitskapen eller pasientane at dårleg eller feiltolka forsking set premissa.

Immunitet etter infeksjon, vaksinasjon eller begge gir godt og varig vern mot alvorleg covid-19 og seinfølgjer, og dette vernet er lite påverka av endringar i viruset. Studiar frå tida før folk hadde immunitet, er lite relevante no. Covid-19 er ein mindre alvorleg sjukdom no enn for fire år sidan.

Det veit òg WHO. Organisasjonen sendte difor i august 2023, med heimel i Det internasjonale helsereglementet, alle helseministrane ei rad formelle ståande tilrådingar om korleis covid-19-stoda skulle handsamast vidare. Tilrådinga bygde på ei utgreiing frå ein internasjonal ekspertkomité (som eg leia). Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet vurderte kvar for seg at regjeringa sin strategi allereie oppfylte tilrådingane.

 

(Publisert i Dag og tid 5.4.2024.)

(Innlegget over førte til eit svar frå Gunhild Alvik Nyborg. Nedanfor er eit nytt svar til ho.)

 

Meir om seinfølgjer

Gunhild Alvik Nyborg hevdar at FHI driv vitskapsfornekting fordi vi tolkar den vitskapelege litteraturen om seinfølgjer etter covid-19 annleis enn ho. Ho ser ikkje heilt poenget med kritisk gransking av litteraturen og ser ut til å tru at kvantitet trumfar kvalitet.

FHI les systematiske oversyn over litteraturen og lager sjølv nokre slike oversyn. Dei skal trekke ut kunnskap ein kan stole på blant mange artiklar om temaet.

Denne runda i Dag og tid starta med merksemda om nokre førebels grafar ein medarbeidar ved FHI delte med NRK. Nyborg såg dei og slo utan vidare fast at «overdødeligheten av hjerte- og karsykdom hos yngre er et brudd med en mangeårig fallende trend.»

No har FHI publisert den årlege rapporten om overdødelegheit. Den syner at dødelegheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015, og at det ikkje er auke i hjartedødsfall i gruppa.

Eit systematisk litteraturoversyn om hjartesjukdom etter covid-19 tyder på at tilsynelatande urovekkjande funn skuldast skeivskap i studiane. Til dømes synte dei dårlegaste studiane at 47 prosent hadde skade på hjartemuskelen etter covid-19 medan dei betre studiane synte at talet var berre 0,35 prosent.

Nyborg held fram med ukritiske konklusjonar, til dømes at covid-19 aukar risikoen for Alzheimer-sjukdomen, basert på ein dårleg studie frå USA. Den enkle forklaringa er at nokre eldre har udiagnostisert Alzheimer som vert oppdaga fyrst under opphaldet på sjukehus for covid-19. Då oppstår det misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer.

FHI freistar å følgje med på den publiserte litteraturen. Det omfattar sjølvsagt også vitskapelege artiklar som måtte kome frå Nyborg.

 

(Publisert i Dag og tid 26.4.2024.)

(Innlegget over førte til eit svar frå Richard Aubrey White. Nedanfor er ei svar til han.)

 

Endå meir om seinfølgjer

Richard Aubrey White er lite nøgd med korleis Folkehelseinstituttet handsamar temaet seinfølgjer etter covid-19 sjølv om instituttet lenge har informert om temaet og driv ei rad forskingsprosjekt om utbreiinga av seinfølgjer.

Han syner til vårt nyaste systematiske litteraturoversyn om seinfølgjer. Vi fann og vurderte 6918 vitskaplege artiklar, men ingen av dei oppfylte alle kriterium: sannsynleg omikronvariant, fleire enn tre hundre smitta personar, kontrollgruppe, oppfølging meir enn seks månader, fagfellevurdering og meir enn berre laboratorieresultat eller bilete. Problemet her er ikkje at FHI vel å sjå bort frå dei irrelevante, misvisande eller dårlege studiane, men at dei faktisk vert publiserte.

White har rett i at ein statistisk teknikk kan kvantifisere ein type skeivskap (sokalla konfundering) i ein studie, men teknikken hjelper ikkje mot andre skeivskapar. Blant desse er moglege skeivskapar i kven som svarer på eit spørjeskjema, særleg når oppslutninga er så låg som til dømes i den norske studien om hugs, der færre enn 19 prosent av deltakarane svarte tre månader eller seinare etter covid-19.

Vår rapport om dødelegheit ligg på nettet slik at alle kan sjå den heilskapen White etterlyser. Rapporten syner at dødelegheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015 (figur 5), og at det ikkje er auke i hjartedødsfall i gruppa under pandemien (figur 10a).

 

(Publisert i Dag og tid 10.5.2024.)

 

 

Bildet er en tegning av et coronavirus og er laget av Alissa Eckert, MS og Dan Higgins, MAM ved CDC.


Publisert

i

av