Historia om smittsame sjukdomar er ei positiv forteljing om sjukdomar som nesten forsvann etter kvart som folk fekk betre mat, trygt drikkevatn, såpe, romslegare husvære og etter kvart vaksiner og antibiotika.
Men ho er òg forteljinga om utstøyting og mishandling. Ingen stader i landet har ei mørkare historie på dette feltet enn Sunnfjord. For her var spedalskheit – lepra – nesten ein folkesjukdom. Nokre stader hadde ein av tjue innbyggjarar den fæle sjukdomen, ei tal som låg himmelhøgt over talet på Sørlandet og Austlandet.
Etter at Gerhard Armauer Hansen for 153 år sidan synte at lepra var smittsamt, vart tilhøva verre for pasientane. Dei vart utstøytte og frykta i lokalsamfunnet. Armauer Hansen fekk Stortinget med på ei ny lov som gjorde at leprapasientane kunne tvingast inn på pleieheimar der dei kunne leve så godt og verdig som mogleg til dei døydde, men utan å smitte andre. Gjennom nokre tiår vart over hundre smitta sunnfjordingar flytta frå heimane sine til St. Jørgens Hospital og Pleiestiftelsen i Bergen.
Historia om lepra er altså historia om tilhøvet mellom smittsame pasientar og alle dei andre. Kor langt kan samfunnet gå for å verne seg mot smitten?
Smittevernlova frå 1995 kom til etter at samfunnet kjende seg truga av ein annan sjukdom, nemleg aids. Lova freista å verne samfunnet mot smittsame sjukdommar samstundes som dei smitta pasientane måtte behalde sine menneskerettar.
Lova fungerte veldig godt i 25 år. Heimlane for inngripande tiltak vart nesten aldri nytta. Lova vart eigentleg ikkje sett på prøve før i byrjinga av 2020 då ein ny sjukdom – covid-19 – kom til Noreg. Det gjekk ikkje berre bra.
Etter mitt syn var desse dei største feilgrepa i 2020:
- Regjeringa var lenge altfor passiv. Alle visste at pandemien var på veg til Noreg, men lite skjedde i Oslo før panikken råka styresmaktene 12. mars, og helsedirektøren brått stengde landet for å stoppe epidemien.
- I mangel av ein nasjonal strategi hadde somme kommunar iverksett tiltak før 12. mars. Skuler og kommunegrenser vart stengde i frykt for epidemien som var på veg. Det vart kaotisk og ukoordinert, og staten vart sett under press.
- Då først regjeringa kom på banen, mangla ein klar og langsiktig strategi. Strategien kom fyrst 7. mai, og då var målet å halde epidemien «under kontroll». (I Australia var ein nasjonal strategi klar allereie 18. februar.)
- Regjeringa vedtok ei forskrift om at ein smitta person kunne få eit halvt års fengsel for ikkje å isolere seg. I eit land som Noreg hadde det vert nok å tilrå utan å truge med politiet.
- Regjeringa la altfor stor vekt på svært dyre grensetiltak. Det var nesten som om «importsmitte» var noko annleis og farlegare enn det innanlandske koronaviruset. Koronakommisjonen kritiserte desse tiltaka og mistenkte at dei vart innførte for å syne handlekraft.
Den 12. mars 2020 valde styresmaktene ei føre var-tilnærming i møtet med covid-19: slå til hardt fyrst og juster heller i etterhand. Sjølve vedtaket helsedirektøren gjorde den dagen om stenging av barnehagar, skuler, teater og mykje meir hadde ei tynn grunngjeving på berre 284 ord (under halvparten av teksten du les no). Helsedirektøren kunne etter Grunnlova ikkje vedta noko sånt, det kunne berre Kongen i statsråd. Eit problem med føre var-tilnærminga er at ho kan prege den etterfølgjande handteringa; det vert vanskeleg å gå attende. Ei slik tilnærming kan òg verte eit påskot for ikkje å vege fordelar mot ulemper.
Alternativet til føre var-tilnærminga er ei tilnærming som tek utgangspunkt i menneskerettane. Forholdsmessigheitsprinsippet seier at det skal vere eit rimeleg forhold mellom trugselen og tiltak som innskrenkar fridomen. Styresmaktene må altså vurdere dette forholdet, grunngjeve tiltaka og dokumentere vurderingane og grunngjevingane. Eigentleg har smittevernlova kravd dette heile tida, men lovframlegget tydeleggjer krava til slike vedtak i framtida.
Med røynslene frå pandemien i minne har regjeringa no hatt på høyring ei ny smittevernlov. Lova skal verte tydelegare og gjere feilbruk vanskelegare. Ved Pandemisenteret på UiB har vi lenge lagt til rette for tverrfaglege diskusjonar om lova, og vi har skrive høyringssvar.
Lovframlegget flyttar makta frå helsedirektøren til regjeringa. Det er bra, sånn at det politiske ansvaret vert tydeleg. Vidare skal staten betre kunne styre den lokale handteringa. Nokre gonger kan det vere greitt med ulike tiltak i kommunar, men variasjonen må vere i tråd med ein nasjonal strategi. Elles må staten kunne overstyre kommunen.
Framlegget legg bort portforbod og vaksinasjonspåbod. Det er bra; det er tiltak vi aldri vil trenge. Eg vonar at den endelege lova hevar terskelen for å innføre grensetiltak. Dei er generelt lite nyttige, men svært dyre. Dei innskrenkar fridomen, og dei råkar mange verksemder som treng gjestearbeidarar.
Den nye smittevernlova ser ut til å bli betre. Styresmaktene skal framleis kunne handtere alvorlege epidemiar, men dei må gjere skikkelege vurderingar og dokumentere dei. Det er nett det vi treng når smittefrykta grip folk og fut kring fjorden og andre stader.
(Publisert i Firda 5. mai 2026.)
Bildet viser en leprapasient ved Reitgjerdet pleiehjem i 1893, fotografert av øyelege Lyder Borthen. Fra Nasjonalbibliotekets samling.

