Bistod Valle kommune under ei hending i smittevernet

epidemi har bistått Valle kommune i handteringa av smittevernutfordringane etter at eit barn i ein barnehage fekk hepatitt A.

Hepatitt A eller smittsam gulsott skuldast smitte med hepatitt A-viruset. Det smittar lett mellom barn ved leik og annan omgang. Smittevegen er fekal-oral, altså ved at virus i avføring via hender kan kome i munnen på andre barn. Dei viktigaste førebyggjande tiltaka er handhygiene og immunisering med «gammaglobulin» eller vaksine.

epidemi vart engasjert av kommunelegen for å utgreie saka og bistå i planleggjing av smitteverntiltak og informasjon til innbyggjarane. Preben Aavitsland var til stade i Valle for å støtte kommunelegen.

Oppdraget for Valle kommune varte ei par dagar.

– Det var ei positiv oppleving å arbeide med dyktige og engasjerte folk i ein vakker kommune med gode rutinar, seier Preben Aavitsland.

 


Publisert

i

av